Neste stopp: Tyrkia!

28/05/2005

Eg skal ha ei ferieveke nå i overgangen mai/juni. Måndag morgon reiser eg til Tyrkia for å oppleva interessante bibelske stadar knytt til Paulus sine reiser og Johannes Openberring. I tillegg skal eg til Istanbul, som er ein veldig spennande by når det gjeld møte mellom kristendom og islam. Eg reknar med at dette vil prega bloggen min i dagane framover. Kanskje får eg høve til å skriva noko mens eg er på reise? Viss ikkje, skal eg skriva når eg kjem heim igjen.

Mykje av Paulus sine misjonsreiser som me kan lesa om i Apostelgjerningane, gjekk til område som i dag ligg i Tyrkia. Og mange av breva som han skreiv, gjekk til menighetar i dette området som også blir kalla Lilleasia. Ja, Paulus var faktisk sjølv i frå ein by som heiter Tarsus, som i dag ligg i Tyrkia!

Apostelen Johannes var på sine gamle dagar leiar i den kristne kyrkjelyden i Efesos. Dette var også byen som Paulus hadde hatt som utgangspunkt for mykje av misjonsarbeidet sitt i Lilleasia. Efesos var ein av dei største byane i heile Romarriket. Men Johannes blei, som ein del av forfølgingane mot dei kristne, forvist til øya Patmos. Der fekk han sjå syner som blei utgangspunktet for  Johannes Openberring som står sist i NT. Han fekk bl a beskjed om å skriva brev som inneheldt profetiske bodskap til sju byar i Lilleasia. Eg skal besøkja restane etter Efesos og fleire av desse andre byane i veka som kjem. Det ser eg fram til!

Eg har nettopp lese ei lita bok som heiter Englenes byer, skrive av Geir Harald Johannessen. Den handlar om å reisa til desse sju byane i Tyrkia, og om kva desse sju små breva i Openberringa kap 2-3 kan seia oss i dag. Boka var inspirerande skrive, og eg anbefaler den gjerne til andre som er interessert i bibelsk historie, sjølv om du ikkje har konkrete planar om å reisa til dette området! Du finn ei bokmelding om den her.

Denne turen til Tyrkia er ein del av førebuingane mine til ein Tematur til Tyrkia som eg skal vera reiseleiar for i oktober.


To konsertar i Bryne kyrkje

24/05/2005

For dei lesarane som bur nær Bryne, tar eg med litt info om to gode konsertar som skal vera i Bryne kyrkje i næraste framtid (i 2005):

Skjærgårds-konsert

Torsdag 2. juni kl 19.00 kjem Skjærgårds Music & Mission på besøk med to av festivalbanda: Radiant og Aerobirds. I tillegg blir det innslag ved ei dansegruppe og ungdomspresten Knut Tveitereid skal ha ordet. Prisen har blitt sett ned i forhold til den første infoen som gjekk ut, så nå kostar det bare kr 50 å koma inn! Skjærgårds Music & Mission blir i år arrangert 4.-11. juli ved Risør.

For dei som synest dette høyrest for ungdommeleg ut, så har me eit totalt annleis konserttilbod i samarbeid med Jærnåttå (tidlegare Jæren Musikkfestival):

Konsert med Sondre Bratland

Laurdag 28. mai kl 17.00 blir det konsert med Sondre Bratland. Den som likar norsk folkemusikk har her verkeleg noko å sjå fram til. Eg syns han syng veldig bra! Han syng folkesongar, og har gjeve ut ni soloalbum og medverka på femten andre album! Billettar kr 150 til salgs på Time kyrkjekontor, Jæren Hotell, Bryne Kro og Hotell og i festivalboden på torget, når den blir sett opp på onsdag.


Pinse

16/05/2005

Pinse er ei høgtid som på mange måtar er gløymt. Pinsen blir ofte oppfatta som ei god og lang vårhelg, og bare det. Men pinse er ei kristen høgtid som har eit innhald. Innhaldet i pinsen (og i jula og påsken) handlar både om ei historisk hending som me kan lesa om i NT, og om kva dette betyr for oss i dag.

I pinsen feirar me at Gud sendte Den Heilage Ande til dei første kristne og at han er nær oss med sin Ande òg i vår tid. Han skapar fellesskap av alle som trur på Jesus. Og dette er jo ikkje heilt uvesentleg for oss som er kristne …. 

Les resten av dette innlegget »


Hanna og Abraham

14/05/2005

Denne forteljinga handlar om Hanna og Abraham, to ungdomar i 1905. Dette er eit år som er mykje i fokus for tida pga 100-årsjubileet for unionsoppløysinga. Men i denne forteljinga dreier det seg ikkje om nasjonen si historie. Her dreier det seg om to jærske ungdomar og det dei skapte saman. Grunnen til at eg er opptatt av deira historie, er at eg er barnebarnet deira. Så det dreier seg altså om røtene mine.

Brudebilete_med_torso På veggen heime har eg eit stort brudebilete som blei tatt då Hanna og Abraham gifta seg i 1905. Det er ei forstørring av biletet du ser her. Dei som bare ser så vidt på det gamle biletet i ei stor gamal ramme, tenkjer kanskje at dette er nokre gamle folk. Men ser du nøyare etter, ser du at det dreier seg om to ungdomar; Hanna og Abraham var 19 og 20 år då dei gifta seg!

Les resten av dette innlegget »


Konfirmasjon

08/05/2005

I dag har eg forretta som prest i ei konfirmasjonsgudsteneste med 29 ungdomar. Bryne kyrkje var full, dvs ca 500 menneske var samla. Det var fest og høgtid. Slike gudstenester har det vore mange stadar i landet i dag. Korfor driv kyrkja på med konfirmasjon? Kva betyr det eigentleg? Og koss opplever eg som er prest, ein slik dag?

Synet på konfirmasjonen har endra seg opp gjennom historia. I dag er kyrkja opptatt av at konfirmasjonstida er ei læringstid og at konfirmasjonen er ei forbønsgudsteneste. Konfirmantane gir altså ikkje noko løfte om å tru på Gud, men er med på ei forbønshandling der me under handspålegging ber for den enkelte og for framtida deira. 

Eg syns det er flott å vera prest for konfirmantane i menigheten. Ja, eg er faktisk litt stolt av å vera presten deira, sjølv om eg sjølvsagt ikkje eig desse ungdomane og heller ikkje skal ta æra for kven dei er eller koss dei oppfører seg. Men gjennom eit år med ulike formar for samlingar og fellesskap blir me som har ansvar for konfirmantarbeidet, glade i ungdomane! Dei har mange spørsmål og det bur sjølvsagt både tvil og tru i dei. Men først og fremst opplever eg det flott at så mange ungdomar er opne og interesserte i kva den kristne trua er og betyr. Sjølvsagt veit eg at dei ulike ungdomane plasserer seg sjølv på ulikt vis i forhold til det å leva i tru. Derfor heiter det òg at formålet med konfirmantarbeidet i Den norske kyrkja er "å vekke og styrke troens liv som gis i dåpen for at de unge kan leve i menighetens fellesskap og vokse som Jesu Kristi disipler". Å vera konfirmant er å vera i ein prosess, og konfirmantopplegget som kyrkja har i dag, legg vekt både på opplæring og på oppleving.

Les resten av dette innlegget »


Dagstur til Dødehavet

06/05/2005

Sjølv om det er eit par veker sidan eg kom heim frå Israel, har eg lyst til å leggja til eit (siste?) kapittel i reiseskildringane mine. Den siste dagen me hadde til disposisjon før heimreise, var me på dagstur til Dødehavet. Dette er eit spesielt område: Det er ørken og det er omlag 400 meter under havets overflate! Her er det varmt og tørt. Og vatnet i Dødehavet er veldig salt. Img_6481_utsikt_masada_mot_ddehavet_arne Biletet er tatt på Masada der eg ser utover Dødehavet.

Me hadde gjort ein avtale med ein arabisk taxisjåfør som skulle køyra oss dit me ville denne dagen. Han lova å stilla med ein Van, så me skulle ha god plass. Det viste seg å vera ein VW Caravelle, lik den eg sjølv har køyrt i 10 år. Bare det at denne var køyrt over 490.000 km og det på ein lite omsorgsfull måte. Det viste seg faktisk at bilen skulle vore (og burde vore!) på verkstad denne dagen. Men det visste me ikkje før me på ettermiddagen begynte å få motorproblem ….

Før det blei kveld hadde me vore på Masada, i Qumran (der Dødehavsrullane blei funne), me hadde bada i Dødehavet, vore i Jeriko og i Betania. Og opplevd arabisk bilberging. Ein innhaldsrik dag!

Les resten av dette innlegget »


Kristi Himmelfartsdag

05/05/2005

I dag er det Kristi Himmelfartsdag. Eg har hatt fri, og Inger og eg fann ut at me ville besøkja ein annan kyrkjelyd i dag. Me reiste ikkje langt, bare over kommunegrensa til den eldste kyrkja på Jæren, Orre gamle kyrkje, der Orre kyrkjelyd har gudsteneste nokre få gonger i året. Kyrkja var fullsett, og me var blant dei siste som fekk sitjeplass på galleriet. Det var ei god oppleving å vera der på gudsteneste! Det gamle kyrkjehuset er veldig spesielt, syns eg. Og det var fint å vera med på dåp og å få høyra god forkynning. Dessutan traff me mange kjentfolk. Me budde jo faktisk i ni år i Klepp før me flytta til Bryne!

Les resten av dette innlegget »


The Real Group

03/05/2005

I kveld har eg vore på Dalsnuten på konsert med The Real Group. Det var ei flott oppleving. Det er bare utruleg kva dei fem songarane kan gjera med stemmene sine! Og rammene for konserten var spesiell. Det var fleire tusen tilhøyrarar, me sat i eit naturleg amfi og rundt scenen såg me utover fjell og vatn. Til å vera utandørs syns eg lyden var svært god. Arrangørane var optimistiske og kalla det Solnedgangskonsert. Sola såg me lite til, men det gjorde ikkje noko – for alt det andre klaffa!

The Real Group stilte opp med eit variert program prega av humor og av kvalitet. Det er ikkje siste gong eg høyrer dei live!


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers