Nå har eg kome heim frå tre veker på kurs i Israel og dei palestinske områda. Det har vore nokre utruleg interessante dagar! Eg har skrive litt på bloggen undervegs, frå internettkafear i Jerusalem. Og eg har framleis stoff eg har planar om å skriva om, når eg bare får tid. Nå har eg også høve til å leggja til bilete til artiklane eg har skrive undervegs.
Her er eit bilete av oss fire som har vore saman på Pastoral Erfaringsutveksling (PEU). Frå venstre: Arne Dag Kvamsøe, meg sjølv, Bulcsú Széll og István Vetõ. Biletet er tatt av Håvard Kleppe på turen til Galilea, og i bakgrunnen ser du Genesaretsjøen og Golanhøgdene.




