Nå har me vore på ein tur rundt i Galilea og besøkt stadar knytt til Jesu liv. Me overnatta på hotell like utanfor Tiberias, i strandkanten ved Genesaretsjøen. Den morgonen stod eg opp før kl 06 for å få med meg soloppgangen, og det var verkeleg verdt innsatsen! Fantastisk oppleving å stå ved Genesaretsjøen og sjå sola stå opp over Golanhøgdene på andre sida.
Jesus levde det meste av sitt liv her i dette området. Han vaks opp i Nasaret, og budde der til han ca 30 år gamal stod fram som Guds Son. I tre år gjekk han rundt og forkynte og gjorde mektige gjerningar. I denne tida budde han i byen Kapernaum ved Genesaretsjøen (også kalla Galileasjøen og Tiberiassjøen). Denne byen er gravd ut, og når me går der mellom murane etter husa, får me eit inntrykk av byen der han hadde utgangspunkt for tenesta si. Mange av forteljingane i evangelia er knytta til denne byen og dette området.
Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!» Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar. Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» Då gjekk dei beint frå garna sine, og følgde han. (Mark 1,14-18).
Jesus vaks opp i Nasaret. Den gongen var Nasaret ein liten landsby. Nå er det ein by med ca 70.000 innbyggjarar. Då me var innom Nasaret, besøkte me Nazareth Village, ei utstilling som viser koss det kan ha vore i Nasaret då Jesus vaks opp. Dei har bygd opp ein heil landsby der dei demonsterer koss husa såg ut, koss folk var kledd (biletet), koss Josef sin tømmermannsverkstad kan ha vore utstyrt, koss synagogen såg ut og koss dei dreiv jordbruk, bl a med vingardar og olivenoljeproduksjon. Du kan sjå nettsida til Nazareth Village her.
I Kapernaum som ligg på nordsida av Genesaretsjøen, såg me paa bygningsrestar frå Jesu tid. Restar etter vanlege bustadar viste oss kor tett innpå kvarandre folk budde på den tida. Eit hus er av spesiell interesse. Her er det spor av kristne symbol og arkeologane har funne ut koss bygningen har blitt ombygd og utbygd til kyrkje i løpet av dei første hundreåra etter Jesu tid. Over dette, som blir kalla Peters hus, har den katolske kyrkja bygd ei spesiell og moderne kyrkje (som meir eller mindre ser ut som ein UFO som har landa på staden!).
Skiltinga ved inngangen viser litt om at Israel er eit anna samfunn enn eg er vant til heime!
I Kapernaum såg me dessutan på ruinane av ein synagoge frå det 4. hundreåret. Den var bygd over den tidlegare synagogen, som var den Jesus nytta.
Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagoga og underviste folket. Dei var fulle av undring over læra hans, for han lærte med makt og mynde og ikkje som dei skriftlærde. (Mark 1,21-22).
Både i Kapernaum og dei andre stadane me stoppa, sette me oss ned og las bibeltekstar knytta nettopp til desse stadane. Det gir ei heilt spesiell oppleving å lesa og lytta til tekstane og samtidig vita at det var her alt dette skjedde.
Me var bl a på ein flott stad som er bygd opp der tradisjonen seier at Jesus heldt Bergpreika, den store talen som er gjengitt i Matteusevangeliet kap 5-7. Talen blir innleia med saligprisingane og staden er oppkalla etter dette (Mount of Beatitudes). Her er det ei nydeleg italiensk kyrkje med ein fantastisk park rundt.
Sæle dei fattige i seg sjølve, himmelriket er deira (Matt 5,3).
Frå denne staden gjekk me gjennom eit flott landskap ned til sjøen til Tabgha, staden der Jesus gjorde under og metta 5000 med nokre få fiskar og brød. Det er òg andre bibelforteljingar som er knytt til Tabgha, f eks forteljinga om då Jesus viste seg for disiplane etter oppstoda og då Peter fekk fornya kallet sitt (Joh 21,1 ff).
På denne turen til Galilea var me saman med Håvard Kleppe som leier Israelsmisjonen sitt arbeid i Israel. Han var ein god guide. Etter besøka på dei bibelske stadane køyrde me rundt Genesaretsjøen og opp på Golanhøgdene, der me hadde flott utsikt over Galilea. Vidare ned til elveutløpet, der Jordanelva begynner å renna nedover mot Dødehavet. Genesaretsjøen ligg 200 meter under havet, og Dødehavet er det lågaste punktet i verda, ca 400 meter under havet!


