Eg skreiv på eit av dei tidlegare innlegga at det var kaldt her. Det stemte dei første dagane eg var her i Israel. Men dei siste dagane har temperaturen vore over 25 grader her i Jerusalem! Herleg! Men så har eg altså eit par dagar hatt magesjau og hatt lite glede av det fine veret. Har strevd med å få med meg det oppsette programmet, og orka lite utanom det. Å liggja sløv på senga, når det er 28 grader utanfor og eg er midt i ein av dei mest spanande byar i verda, er ikkje noko særleg stas! Men nå trur eg at eg kan erklæra meg frisk igjen. Dagen idag har vore god på alle måtar. Og nå gleder eg meg til å reisa til Galilea i morgon og vidare til Haifa til helga. I Galilea skal me besøkja fleire av stadane knytt til Jesu liv, og i Haifa blir hovudfokus på Israelsmisjonen sitt arbeid i Beit Eliahu – menigheten.




