Evangelisering frå Jerusalem til ….

28/04/2005

Ein av dei gongene me var innom Caspari Senter i Jerusalem, fekk me høyra om prosjektet Jews in the East. Dei ønskjer å koma i kontakt med ungdom som kan tenkja seg å vera med på eit internasjonalt evangeliseringsteam i teneste blant israelske ungdomar i Asia, etter ein opplæringsperiode i Jerusalem. Svært mange unge israelarar reiser til India og andre land i Austen og søkjer religiøse opplevingar gjennom New Age o.l. Kva med å vera med og møta dei med den kristne trua?

Eg fekk spørsmål om eg kjente nokre aktuelle kristne ungdomar (i 20-åra) som eg kunne utfordra til å vera med i teamet neste år. Kva er då meir naturleg enn å nemna dette her på bloggen? Kanskje du kjenner nokon som …….

Les her om muligheten til å vera med på dette, først på opplæring i Jerusalem, så på team i Asia.

Israelsmisjonen legg òg til rette for voluntørteneste for norske ungdomar i Israel. Her finn du informasjon om ulike oppgåver for voluntørar.


Annleis, men god mat!

28/04/2005

Det er nokre dagar sidan eg kom heim. Eg burde kanskje ha landa nå, mentalt òg? Ikkje veit eg. Har bare lyst å fortelja at det er mykje god mat å få i Israel og dei palestinske områda! Img_6162_lunch Eg må nok finna fram kokeboka Middelhavsmat og prøva meg på nokre rettar frå Midt-Austen etter kvart. Her har eg med bilete frå ein lunch i Betlehem. Slike måltid inntok eg mest kvar dag på turen! Bordet blei dekka med fat med pitabrød, hummus og eit godt utval salatar, og så kunne me fire sitja og eta og prata i det vide og breie.

Nå skal det seiast at det ikkje var kvar dag me inntok måltid ein stad det blei servert på kvit duk! Img_5930_mltid Neste bilete viser ein tilsvarande lunch på eit gatekjøkken i Jaffa. Ikkje fullt så delikat, – men godt smakte det likevel!


Beit Eliahu

27/04/2005

Frå studietur 2005

Den siste helga i Israel var me i Haifa, ein av dei større byane i landet. Her fekk me eit møte med Beit Eliahu – menigheten som har vakse fram frå Israelsmisjonen sitt arbeid i byen. Møtet med dette menighetsarbeidet var viktig for meg. Eg har høyrt og lese mykje om Beit Eliahu Img_6432tidlegare, bl a gjennom nyhetsbrev frå Håvard (sjå nyhetsbrev her), og nå fekk eg sjølv gå til gudsteneste denne staden!

Det var flott å koma til kyrkja (biletet) og møta dei norske misjonærane og menigheten der. Dette er ein veksande menighet med låg gjennomsnittsalder, det er mange familiar og ungdomar med, men òg eldre som har vore med gjennom mange år.

Alt foregjekk på hebraisk, men språksituasjonen i menigheten gjer at dei har simultanomsetjing til fleire språk, mellom anna engelsk. Så me følte me fekk med oss det som skjedde. Img_6418Songane blei sunge på hebraisk. På skjermen fekk me teksten både med hebraiske bokstavar og “vanlege” bokstavar (i tillegg til omsetjing til russisk og engelsk), så det gjekk fint å vera med og syngja på hebraisk! Songen på biletet skulle vera vel kjent også her i Norge!

Pastoren i Beit Eliahu heiter Samuel Aweida. Han er arabar frå Haifa og pastor i ein messiansk-jødisk menighet. Eit teikn på forsoning i seg sjølv! Det var inspirerande å høyra han forkynna i gudstenesta. Han hadde ei spennande preike om å vera ein tenande menighet. Her fortel Samuel i ein artikkel om ting som gleder han i tenesta!

Israelsmisjonen presenterer Beit Eliahu slik på sine nettsider:

Jøder og arabere hånd i hånd

  • Stadig flere mennesker i Israel lever i frykt, med økonomiske problem og brutte relasjoner. Beit Eliahu-menigheten blir derfor et viktig åndelig og sosialt holdepunkt for mange mennesker i en utfordrende hverdag.
  • I menigheten er det sabbatsskole, ungdomsgruppe, ukentlig bibelundervisning på tre forskjellige språk, besøkstjeneste, evangeliseringsteam og kvinnearbeid.
  • Hver uke på sabbaten samles omtrent 200 mennesker til gudstjeneste i Beit Eliahu. Spesielt gledelig er det at flere unge familier har funnet sin tilhørighet i menigheten de siste årene.
  • Menighetsarbeidet i Haifa ble startet i 1949. I 1970 ble Beit Eliahu-senteret bygd. DNI eier selve kirkebygget og støtter den messianske Beit Eliahu-menigheten økonomisk.
  • Kirken benyttes av fem andre menigheter; en arabisk baptistmenighet, to russisktalende menigheter, en rumensk gruppe, samt en etiopisk menighet.

Bilete frå Israel og dei palestinske områda

25/04/2005

Eg har nå, etter at eg kom heim, lagt inn bilete i ein del av artiklane eg skreiv mens eg var i Jerusalem. Gå gjerne tilbake og sjå på desse artiklane:

  • Galilea
  • Kristne palestinarar i Betlehem
  • Hiskias tunnel

Bruk funksjonen "Continue reading", så får du sjå heile artiklane og meir biletmateriale!


PEU-deltakarane

21/04/2005

Nå har eg kome heim frå tre veker på kurs i Israel og dei palestinske områda. Det har vore nokre utruleg interessante dagar! Eg har skrive litt på bloggen undervegs, frå internettkafear i Jerusalem. Og eg har framleis stoff eg har planar om å skriva om, når eg bare får tid. Nå har eg også høve til å leggja til bilete til artiklane eg har skrive undervegs.

Her er eit bilete av oss fire P1010183_1som har vore saman på Pastoral Erfaringsutveksling (PEU). Frå venstre: Arne Dag Kvamsøe, meg sjølv, Bulcsú Széll og István Vetõ. Biletet er tatt av Håvard Kleppe på turen til Galilea, og i bakgrunnen ser du Genesaretsjøen og Golanhøgdene.


Galilea

19/04/2005

Nå har me vore på ein tur rundt i Galilea og besøkt stadar knytt til Jesu liv. Me overnatta på hotell like utanfor Tiberias, i strandkanten ved Genesaretsjøen. Img_6315_soloppgang_2 Den morgonen stod eg opp før kl 06 for å få med meg soloppgangen, og det var verkeleg verdt innsatsen! Fantastisk oppleving å stå ved Genesaretsjøen og sjå sola stå opp over Golanhøgdene på andre sida.

Jesus levde det meste av sitt liv her i dette området. Han vaks opp i Nasaret, og budde der til han ca 30 år gamal stod fram som Guds Son. I tre år gjekk han rundt og forkynte og gjorde mektige gjerningar. I denne tida budde han i byen Kapernaum ved Genesaretsjøen (også kalla Galileasjøen og Tiberiassjøen). Denne byen er gravd ut, og når me går der mellom murane etter husa, får me eit inntrykk av byen der han hadde utgangspunkt for tenesta si. Mange av forteljingane i evangelia er knytta til denne byen og dette området.

Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!» Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar. Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» Då gjekk dei beint frå garna sine, og følgde han. (Mark 1,14-18).

Les resten av dette innlegget »


Sommaren er her!

13/04/2005

Eg skreiv på eit av dei tidlegare innlegga at det var kaldt her. Det stemte dei første dagane eg var her i Israel. Men dei siste dagane har temperaturen vore over 25 grader her i Jerusalem! Herleg! Men så har eg altså eit par dagar hatt magesjau og hatt lite glede av det fine veret. Har strevd med å få med meg det oppsette programmet, og orka lite utanom det. Å liggja sløv på senga, når det er 28 grader utanfor og eg er midt i ein av dei mest spanande byar i verda, er ikkje noko særleg stas! Men nå trur eg at eg kan erklæra meg frisk igjen. Dagen idag har vore god på alle måtar. Og nå gleder eg meg til å reisa til Galilea i morgon og vidare til Haifa til helga. I Galilea skal me besøkja fleire av stadane knytt til Jesu liv, og i Haifa blir hovudfokus på Israelsmisjonen sitt arbeid i Beit Eliahu – menigheten.


Bibelarbeid med engasjement

13/04/2005

Eg har denne veka vore på besøk i det palestinske og det israelske bibelselskapet. Begge stadar møtte eg engasjerte kristne som arbeidde for å distribuera bibelen til folket sitt og som ikkje minst var opptatt av å formidla kva Bibelen betyr for livet.

Det mest kreative prosjektet eg fekk med meg, var koss det israelske bibelselskapet arbeidde med tanke på beduinbefolkninga, som stort sett er analfabetar. Utgangspunktet var at beduinane har mykje tid (der dei passar dyra sine i ørkenen) og at dei har mykje sol. Dei hadde fått utvikla ein elektronisk bibel på storleik med ein litt stor mobiltelefon, der heile bibelen var lest inn og der ein lett kunne bla i bøkene, kapitla og versa som i ein annan bibel. Denne elektroniske bibelen hadde solcellepanel, slik at dei var ikkje avhengig av å få lada opp batteria via straumnettet. Altså: Beduinbefolkninga kan ha bibelen med seg på sine vandringar ute i ørkenen og lytta til Guds Ord! Glimrande!

Hovudprosjekta deira var vel likevel for det israelske bibelselskapet å nå det jødiske samfunnet, som jo ikkje reknar NT som heilagt skrift, med Guds Ord. Og tilsvarande for det palestinske bibelselskapet å nå den muslimske palestinske befolkninga med Bibelen. Godt at det finst engasjerte folk som desse her i dette landet!

Liksom regnet og snøen
        fell ifrå himmelen
        og ikkje fer opp att dit,
        før dei har vatna jorda
        og gjeve henne grorkraft og grøde,
        ja, gjeve såkorn til den som skal så,
        og brød til den som skal eta,
        så er det òg med mitt ord,
        det som går ut or min munn.
        Det vender ikkje tomt tilbake til meg,
        men gjer det eg vil,
        og fullfører det eg sender det til. (Jes 55,10-11)

Både det israelske og det palestinske bibelselskapet er tilknytta United Bible Society, som også Det Norske Bibelselskap er ein del av.


Kristne palestinarar i Betlehem

13/04/2005

Sundag og måndag reiste me til Betlehem, som ligg bare litt meir enn ein mil utanfor Jerusalem. Img_6149_kyrkja_og_abrahams_hus_beit_jal_1 Me skulle besøkja ulike kristne kyrkjer og institusjonar. Biletet viser den lutherske kyrkja og gjestehuset deira i Beit Jala ved Betlehem. Betlehemsområdet er det einaste distriktet innanfor dei palestinske områda på Vestbreidda og Gaza der det er ein relativt stor kristen befolkning. Desse kristne palestinarane er ikkje muslimar som er blitt omvendt (sjølv om det og skjer, i liten målestokk), men det er ein kristen befolkning som har levd ved sidan av muslimane opp gjennom historia. Stort sett lever dei godt saman.

Byen Betlehem har ein spesiell betydning for oss som er kristne. Img_6184_stjerna_i_fdselsgrotta_i_1 Her var det Jesus blei født. Har kom Gud oss nær i eit lite barn. Biletet viser stjerna i Fødselskyrkja, ei stjerne som skal minna oss om Jesu fødsel i Betlehem.

Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» (Luk 2)

Les resten av dette innlegget »


Sabbat i Jerusalem

09/04/2005

Det er laurdag kveld, og eg sit på ein internettkafe i sentrum av Vest-Jerusalem for å få bloggen litt oppdatert. Sabbaten er over nå, og byen vaknar til liv etter eit døgn med lite trafikk og folk ute. Sabbaten varer frå solnedgang fredag kveld til solnedgang laurdag kveld.

Eg har opplevd mykje dette døgnet. Eg har vore på gudsteneste i to ulike messianske menighetar (jødar som trur paa Jesus), eg har vore og sett på koss dei ultra-ortodoske jødane feirar sabbat midt på natta i bydelen deira, Mea Shearim. Og eg avslutta sabbaten med å gå på ei vanleg jødisk gudsteneste i ein synagoge.

Imorgon er det sundag, då skal eg til Betlehem og møta palestinske kristne både til gudsteneste og samtale, og eg skal gå i Fødselskyrkja og sjå staden der Jesus blei født. Eg gleder meg til dagen i morgon!

Les resten av dette innlegget »


Caspari Center

09/04/2005

Israelsmisjonen sitt arbeid i Jerusalem er knytt til Caspari Center. I staden for å starte ein eigen menighet her i Jerusalem, har misjonen starta eit ressurssenter for dei menighetane som fins av jødar som trur på Jesus. Den messianske bevegelsen er veksande, men sjølvsagt framleis svært liten (ca 1-2 promille av jødane i Israel trur på Jesus som Messias).

Eg har vore to gonger på Caspari Center denne veka (april 2005). Først på måndag då me hadde avtale med leiaren av senteret, Lisa Loden. Ho hadde ein interssant orientering om den messianske bevegelsen og om senteret si verksemd. Onsdag kveld var eg på foredrag som var ope kunngjort, der ein fagmann gjekk gjennom bibelske tekstar som seier noko om å forkynna evangeliet for det jødiske folket. Begge møta med Caspari Center gav eit veldig godt inntrykk, og har vist meg kor viktig teneste dette senteret har her i Israel.

Det er for tida to norske ungdomar som er voluntørar på senteret, dvs at dei er der og arbeider frivillig for Israelsmisjonen for ein periode, f eks eit halvt eller eit år. Eg traff både Johannes og Svein og fekk prata litt med dei om tenesta deira.

Eg kjem nok til å gå innom Caspari Center fleire gonger mens eg er her!


Hiskias tunnel

09/04/2005

30 minutt vandring under jorda i gamal og trong tunnel med rennande vatn. Eg er i Davidsbyen, ein del av Jerusalem eg ikkje har vore i før. Tunnelen går frå ei kjelde som heiter Gihon til Siloadammen. Begge desse stadane og Hiskiatunnelen som forbinder dei er nemnt i Bibelen, og Siloadammen var eit viktig samlingspunkt i byen på Jesu tid (vatn har for øvrig alltid vore viktig her i Midt-Austen). Jesus nemner dammen bl. a. i Joh 9,7:

Så sa han til han: Gå og vask deg i Siloa-dammen.» Siloa tyder «utsend». Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.

Arne Dag og eg gjekk gjennom denne tunnelen frå kjelda lenger oppe i dalen. Img_6053_hiskias_tunnel_arne Den største opplevinga var eigentleg ikkje sjølve Siloadammen, men å gå gjennom dette vatnsystemet som fører vatn inn i dammen.

Då me bestemte oss for å gå tunnelen, fekk me låna lommelykt og plastsandalar. Dei to ungararane me er saman med, våga seg dessverre ikkje på dette prosjektet, men Arne Dag og eg var fast bestemt på at dette ville me gjennomføra.

Det var absolutt ikkje ein stad for dei med klaustrofobi. Det var sjølvsagt kolsvart når me skrudde av lyktene. Tunnelen var ca 50-70 cm brei. Dei fleste stadane kunne me gå oppreist. Det rann heile tida vatn gjennom den, og me fulgte straumen. Vatnet gjekk stort sett opp til knærne, men på det djupaste rakk det langt opp på låret. Me gjekk i underbukse og t-skjorte, og det var eit svært greitt antrekk. Img_6064_arne_ved_siloa Kunne dermed ta på oss turre bukser (som me hadde i ryggsekken) då me kom ut. Me tok bilete både inne i tunnelen og ved Siloadammen. Du kan også sjå bilete frå staden f eks her.

Det var ei spesiell oppleving. Tunnelen blei hogd ut under kong Hiskia som var konge i Jerusalem ca 700 f. Kr. men Gihonkjelda har gjeve vatn til byen frå den blei grunnlagt ca 2000 f.Kr. Poenget er at det frå kong Hiskias tid har vore ein tunnel som førte vatn frå ei kjelde med friskt vatn utanfor byen til ein dam inne i byen. Dette var viktig i tider då byen var truga av fiendar, for vatnet i Siloadammen betydde at dei kunne sleppa å gå utanfor bymuren for å henta vatn. Delar av tunnelen blei oppdaga av arkeologar paa 1800-talet, dei siste delane blei opna for folk flest for ca 10 år sidan.

Me kom ned til tunnelen gjennom ein sjakt som er oppkalt etter arkeologen som fann den, Warrens Shaft. Då kong David inntok byen sendte han soldatane sine inn i den befesta byen gjennom ein sjakt, og det kan vera denne sjakta som nå er funnen.

Oppdatering: Eg har seinare skrive meir om staden i notatet Rennande vatn i Davidsbyen.


Ei helg i Jaffa

04/04/2005

Fredag ettermiddag kom til Jaffa, ein gamal by som har vakse saman med den moderne storbyen Tel Aviv (med ca 1,2 millionar innbyggjarar, trur eg). Jaffa er naa som ein bydel i denne storbyen. Der ligg Immaunuelskyrkja, som blir driven av Den Norske Israelsmisjon. Arne Dag og eg var der denne helga, og fekk med oss gudstenester i ulike kristne menighetar, samtalar med medarbeidarar i kyrkja, vandring i dei historiske delane av Jaffa og dessutan vaart foerste moete med Istvan og Bulcsu, to ungarnske prestar som me skal vera saman med dei neste vekene.

Me budde i Beit Immanuel, ein messiansk-joedisk menighet (dvs joedar som trur at Jesus er den Messias som er lova i GT) som driv eit gjestehus tvers over gata for Immanuelskyrkja. Israelsmisjonen har ogsaa eit menighetshus like i nabolaget, saa her er det eit kvartal som huser ulike kristne menigheter midt i ein by som jo er heilt sekularisert. Drosjesjaafoeren som me hadde fraa flyplassen visste ikkje kva ei kristen kyrkje eller ein prest var. Det gjorde heller ikkje drosjesjaafoeren som Istvan og Bulcsu koeyrde med, daa dei kom fraa flyplassen. Eg har sidan hoyrt at israelske barn som gaar paa vanleg 12-aarig skule har tre timar undervisning om kristendomen dei 12 aara. Joedar i Israel er totalt uvitande om den kristne trua, bortsett fraa eit negativt bilete av det kristne Europa si forfoelging av joedar opp gjennom historia og spesielt under den andre verdskrigen.

Immaunuelskyrkja har gudsteneste kvar laurdag (sabbat, den joediske heilagdagen) paa hebraisk og engelsk og kvar sundag paa engelsk. Det er i praksis to menighetar som moetes i kyrkja. Det har litt med kva dag folk jobbar og kva spraak dei oenskjer. Veldig samansett forsamling i begge gudstenestene, med folk fraa mange land. Det var forresten spesielt aa oppleva ei hebraisk gudsteneste og merka seg kor spanande det var aa moeta orda orda eg laerte daa eg studerte teologi i boener, velsigning osv.

Fredag kveld, daa sabbaten byrjar, var me paa ein del av gudstenesta i Beit Immanuel, der me budde. Ei totalt annleis gudsteneste med mykje lovsong og med karismatisk stil, dans mellom stolradene og i midtgangen, og ein uformell stil der folk kom og gjekk. Denne menigheten bestaar mykje av russiske innvandrarar. Det har kome ca 1 million innvandrarar fraa Russland i loepet av ein 10 aars periode. Det er litt av ei utfordring for samfunnet her! Svaert mange av dei er bare russisktalande og har heller ikkje planar om aa bli noko anna. Mange av desse er mykje meir opne for kristen misjon enn joedane som har vakse opp i Israel.

I dette kvartalet er det i loepet av ei veke ca 10 ulike menigheter som har sine gudstenester i desse tre husa (kyrkja, menighetshuset og gjestehuset). Det er i seg sjoelv eit spanande teikn paa at noko nytt er i ferd med aa skje her, i eit land der bare 1 promille av befolkninga trur paa Jesus!

Elles var det interssant aa treffa Istvan og Bulcu, vaare nye ungarnske venner.
Dei har ein totalt forskjellig bakgrunn enn oss, sjoelv om dei er lutherske kristne. Dei kjem fraa ei minoritetskyrkje, det er 3 % lutheranarar i Ungarn. Og dei har ei anna historie enn me har, med bakgrunn fraa kommunisttida i Aust-Europa. Det er interessant aa droefta kva me ser og opplever her med dei. Me er slett ikkje einige i vaare vurderingar, men det betyr at me maa tenkja gjennom korfor me tenkjer som me gjer.

Laurdag midt paa dagen hadde me avtale med ein organisasjon som heiter Holy Land Ministry som arbeider blant heimlause i Jaffa. Kvar laurdag har dei suppestasjon der dei delar ut varm suppe til uteliggjarar paa stranda. Me traff eit ektepar som dreiv dette arbeidet. Han var joede, ho ikkje. Han hadde tidlegare vore ateist, og hadde naa kome til tru paa Jesus. Ein ressursrik kar, som naa nytta livet sitt til aa arbeida for dei som fell utanfor samfunnet. Dei dreiv to smaa herberger, der folk kunne koma og bu for ein periode. Der hadde dei ei samling med kristen forkynning kvar morgon. Paa stranda forkynte dei ikkje med ord, bare med aa gjera ei god gjerning.

Naa er eg komen til Jerusalem. Her er det faktisk svaert kaldt, mindre enn 10 grader. Eg ventar paa varmare dagar! Det er fantastisk flott aa vera tilbake her. Det skal eg skriva meir om seinare!


Kurs i Israel og dei palestinske områda

01/04/2005

I tida 1. – 20. april er eg på studieopphald i Israel og dei palestinske områda. Me er to norske prestar (Arne Dag Kvamsøe og meg) som saman med to ungarnske prestar skal vera med på eit kurs som blir kalla Pastoral Erfaringsutveksling (PEU).

PEU blir arrangert av Presteforeninga og Israelsmisjonen. Det er Israelsmisjonen som leggjer opp programmet for oss. Det foreløpige programmet eg har fått viser at me skal

  • besøkja kristne menigheter og institusjonar i Israel og dei palestinske områda. Dette dreier seg både om besøk hos messianske (dvs Jesus-truande) jødar og hos kristne palestinarar, og det dreier seg om å delta i gudstenester og om å samtala med menighetsleiarar
  • dra på ekskursjon til bibelske stadar i Jerusalem og andre stadar i landet
  • studera bibeltekstar saman

Ein viktig side ved kurset er det blir lagt stor vekt på felles refleksjon omkring det me opplever i dei ulike samanhengane.

Eg gleder meg, og rekner med at kurset vil gje stort utbytte både personleg og for prestetenesta.

Eg håper det blir mogleg for meg å oppdatera bloggen undervegs. Viss ikkje skal eg i alle høve skriva eit referat etterpå.


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers