Golgata og Jesu grav

29/03/2005

Jesus blei korsfesta på Golgata og lagt i ei grav i ein hage like ved. Der skjedde dei grunnleggjande handlingane som heile den kristne trua byggjer på. Er det muleg å vita nøyaktig kor dette skjedde? Koss ser det ut på denne staden idag? Gravkyrkja_gs122041

Det er i dag to stadar som blir vist fram som staden for Jesu død og oppstode. Men det er likevel ikkje slik at me derfor må seia: “Me kan ikkje eigentleg vita kor det skjedde”. Forskarar er nemleg stort sett einige i at Gravkyrkja (biletet) i Gamlebyen i Jerusalem ligg på den historisk korrekte staden der Golgata og Jesu grav var. Der har det vore ei kyrkje med samanhengande historie (om enn ei voldsom historie med mange kritiske periodar) heilt tilbake til ca 325, då Jerusalem blei ein kristen by som del av keisar Konstantin sitt rike. Og før det var det ein tradisjon blant dei kristne i byen som sa kor staden var. Historikarar og arkeologar reknar det idag som svært sannsynleg at denne tradisjonen blant Jerusalems kristne, var korrekt.

Les resten av dette innlegget »


Jesus lever!

28/03/2005

Preika i påskenattgudstenesta var eit enkelt vitnesbyrd om at Jesus lever i dag. Eg har lyst til å dela det med deg som les bloggen òg. Utgangspunktet for var teksten i Markus 16,1-8.

Eg trur at Jesus lever i dag, at han er her midt blant oss. “Jesus lever” er den grunnleggjande vedkjenninga for oss som er kristne. Han var død, men han lever nå. Han vant over døden og lever i dag. Kvinnene ved grava fann ei tom grav. Seinare møtte dei og disiplane ein levande Jesus.

Den kristne trua byggjer på Jesu oppstode. For meg betyr det at eg kan tru at Jesus lever og er her nå, usynleg og verkeleg til stades. Eg trur han er den same nå som han var då han levde eit menneskeliv for ca 2000 år sidan. Men etter oppstoda har han eit nytt og annleis liv. Han er ikkje lenger bunden av ein menneskeleg kropp. Han er heller ikkje bunden av tid og stad, sånn som du og eg er.

Derfor vil eg nå i påsken, når me feirar at Jesus stod opp frå dei døde, endå ein gong seia til nettopp deg:

  • Jesus lever, og er her nå!
  • Han vil vera din venn, din Herre og din Frelsar!

“Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!” var avskjedshelsinga hans til disiplane. Tenk litt på kven dei var, dei som fekk denne flotte avskjedshelsinga. Dei var Jesu disiplar og venner. Dei hadde levd saman med han. Dei hadde lært av han og dei huska alt han hadde sagt og gjort. Likevel hadde dei svikta han tidlegare i påsken. Dei hadde stukke av då Jesus blei arrestert. Peter hadde banna på at han ikkje kjente Jesus. Påskemorgon var dei ikkje saman med kvinnene som hadde tenkt seg til grava for å sørgja. Men kvinnene som kom seg ut til grava, møtte ein engel, og denne engelen hadde omsorg også for dei falne disiplane.

Koss reagerte kvinnene? Akkurat då, med ei open grav og med ein levande engel framfor seg, var dei ganske redde (og det kan me vel eigentleg godt forstå!). Men dei fekk snart mot og kraft og håp, saman med disiplane. For ikkje lenge etterpå møtte dei den oppstandne Kristus sjølv.

Den oppstandne Kristus møter oss òg! Han kjem oss nær, først og fremst i nådemidlene: Guds Ord og sakramenta (dåpen og nattverden). Derfor minnes me påskenatt at alle som er døypte med ein kristen dåp, er døypte til Jesu død og oppstode. Derfor feirar me påskenatt nattverd saman, der Jesus konkret kjem til oss og gir oss del i sin død og oppstode. Me høyrer Guds kjærleiks pulsslag som seier: for deg, for deg!

Når du trur på Jesus, har du fått eit levande håp. Dette håpet er sterkare enn alt som vil ha oss bort frå Gud. Dette håpet er sterkare enn all vondskap som me kan møta hos andre menneske og hos oss sjølve. Det er sterkare enn all nederlagsfølelse og andre vonde tankar som me kan kjenna på. Det er sterkare enn djevelens makt. Ja, dette håpet er til og med sterkare enn døden!

Eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som nå er eller det som koma skal, eller noka makt, korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunne skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. (Rom 8,38-39)

Det levande håpet er heilt annleis alle andre håp i verda, for det byggjer på Guds kjærleik. Det byggjer på Jesu død og oppstode. Du har gjennom den kristne trua del i eit håp som seier at

  • Jesus vil følgja deg kvar dag gjennom livet
  • Jesus vil følgja deg inn i det evige livet

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3,16)


Påskenatt

27/03/2005

Det er midt på natta, den natta me feirar Jesu oppstode. Eg har nettopp kome heim frå påskenattgudstenesta i Time kyrkje og skal snart ha nokre timars søvn før eg skal opp og halde fram med påskefeiring i kyrkja, då med høgtidsgudsteneste i Bryne kyrkje. Påske er ei flott høgtid!

For meg har påskenatt blitt ein viktig del av påskefeiringa. Slik denne gudstenesta har utvikla seg i Time, er den ei blanding av tradisjonsrik påskenatt-liturgi, kjente påskesalmar og nye lovsongar. Kvart år opplever me ei fullsett kyrkje av unge og vaksne, – det var ca 240 til stades på gudstenesta, – og ungdomane er i fleirtal. Me tenner lysa våre på det store påskelyset i ei mørklagt kyrkje. Me feirar nattverd saman. Og først og fremst samlar me oss om det sentrale temaet i trua vår: Jesus lever!

Gudstenesta blir avslutta med at me går ut på kyrkjegarden med tente lys, og står blant gravene og syng:

Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.


Døden på korset

26/03/2005

Jesus døde på korset. Sidan har korset blitt det mest kjente symbolet knytt til kristendomen. Eigentleg er korset eit frykteleg tortur-instrument. Dei første korsfestingane er kjente frå Athen på 600-talet f.Kr. På 300-talet blei korsfesting ein allmen praksis i det hellenistiske riket, det vil seia riket som oppstod med Alexander den store. På den måten møtte jødane korsfesting, og i dei siste hundreåra før Jesu tid var det mange som blei korsfesta i Jerusalem. I 1968 blei det, i ei grav i Jerusalem, funne bein etter ein mann som var korsfesta i dei siste åra før byen blei øydelagt av romarane i år 70 e.Kr. Dette funnet gav interessant kunnskap som kunne samanliknast med det me veit om Jesu korsfesting.

Det var fleire typer kors som blei nytta ved korsfestingar. Vårt ord kors gir inntrykk av to linjer som kryssar kvarandre. Verken det greske stauros eller det latinske crux har nødvendigvis den betydninga. Den einaste opplysninga som kan seia noko om kva type kors som blei nytta då Jesus blei korsfesta, er opplysninga med klagemålet som stod over hovudet på han.

Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med klagemålet mot han: “Dette er Jesus, kongen over jødane.” (Matt 27,37)

Det betyr truleg at tradisjonen som alltid har rekna med eit kors av typen “forlenga plussteikn” har rett. Mest sannsynleg har den vertikale pålen stått fast på Golgata, mens den horisontale stokken blei boren til staden, først av Jesus, sidan av Simon frå Kyrene (Matt 27,32).

Me veit ikkje kor høgt Jesu kors var. Men det blei nytta ein stong då det blei løfta ein svamp med eddikvin opp til Jesus (Matt 27,48). Eg har lese gjettingar på at korset var i overkant av 2 meter høgt.

Kva veit me så om koss Jesus var festa til korset? Det står ikkje noko om det i samband med korsfestinga, men enkelte skildringar frå tida etter oppstoda gjev informasjon om at han hadde naglemerke i hendene og på føtene.

Då Jesus openberra seg for disiplane etter oppstoda, sa han: “Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå!” (Luk 24,39)

Og møtet med Tomas fortel òg noko om dette:

«Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.» Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: “Fred vere med dykk.” Så seier han til Tomas: “Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!” (Joh 20,25-27)


Langfredag

25/03/2005

Det er langfredag i dag, ein spesiell heilagdag. Jesu død på korset står i sentrum. Eg har i vekene før påske gjennom ein del innlegg her på bloggen gått gjennom dei ulike delane av Jesu lidingshistorie.

Jesus blei piska og dømt til døden etter forhøyret hos Pilatus. Så måtte han bera korset (det vil truleg seia tverrbjelken, for den vertikale pålen stod nok fast på staden der dei korsfesta folk) den siste tunge vegen ut av byen og til staden som heiter Golgata / Hovudskallestaden.

Evangelia skildrar det som så skjer ganske enkelt og nøkternt:
Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei.

I dei fire evangelia er det gjengitt litt forskjellig av dei orda Jesus sa då han blei korsfesta. I kristen tradisjon har ein sett dette saman til det me kallar Jesu sju ord på korset:

  • Om folket som spotta og mobba han: Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer. (Luk 23,34)
  • Til Maria: Kvinne, det er son din. Til Johannes: Det er mor di. (Joh 19,26-27)
  • Til den eine røvaren som var korsfesta ved sida av han: Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis. (Luk 23,43)
  • Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? (Matt 27,46)
  • Eg er tyrst. (Joh 19,28)
  • Det er fullført. (Joh 19.30)
  • Far, i dine hender gjev eg mi ånd. (Luk 23,46)

Så vil eg bare på denne langfredagen minna dykk om eit enkelt bibelvers, som kan seia oss noko om kva drivkraft som heldt Jesus oppe.

Jesus seier: Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. (Joh 15,13)


Pilatus

24/03/2005

“…. pint under Pontius Pilatus ….”

Kven var eigentleg denne mannen som faktisk har fått namnet sitt med i den apostoliske truvedkjenninga?

Pontius Pilatus var romersk prefekt i Judea i åra 26-36. Det vil seia at han var Romarriket sin politiske og militære leiar i området rundt Jerusalem på den tida då Jesus hadde sitt offentlege virke. Pilatus var busett i Caesarea, den romerske hovudstaden ved kysten, litt nord for dagens Tel Aviv. Men periodevis var han i Jerusalem, truleg først og fremst i samband med dei store religiøse festene.

Me kan finna både positive og negative omtalar av Pilatus. Markus gjev han ikkje mykje ære i sitt evangelium, mens dei tre andre evangelistane gjev inntrykk av at Pilatus i større eller mindre grad ønskte å gjera Jesus fri. I den tidlege kristne litteraturen var det fleire som gav ein positiv omtale av Pilatus. Utanfor den kristne litteraturen finn me ein ufordelaktig omtale hos Josefus og ein direkte fiendtleg omtale hos Filo. Ein forskar (Raymond E. Brown) som har vurdert alle tekstavsnitta der Pilatus er omtalt i evangelia, hos Josefus og hos Filo konkluderer med at Pilatus, trass i alvorlege feilgrep, var ein mykje betre leiar enn det Filo gjev uttrykk for, og at Det nye testamentet, med sine nyansar, gjev ei personskildring som ikkje er usannsynleg.

Eg vil ta med litt frå møtet mellom Jesus og Pilatus i borga der Pilatus hadde sitt hovudkvarter (Joh 18,28-19,16). Mot slutten av forhøyret hos Pilatus går forhøyret over til å bli ein samtale mellom dei to. Utgangspunktet er spørsmålet om Jesus er jødane sin konge. Jesus kjem i samtalen med fleire viktige utsegn om seg sjølv. Han seier bl.a: Mitt rike er ikkje av denne verda. Vidare stadfestar han positivt at han er konge, og at han har kome for å vitna om sanninga. Det siste får Pilatus til å utbryta: Kva er sanning?

Når Paulus seinare skriv sitt første brev til Timoteus, tenkjer han tilbake på kva han har høyrt om denne samtalen mellom Jesus og Pilatus. Då skriv han at Jesus bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus (1. Tim 6,13).


Pilatus si borg

24/03/2005

Jesus blei ført frå dei jødiske leiarane som var samla i Kaifas’ hus, til den romerske leiaren Pilatus, som var i Jerusalem pga jødane si påskehøgtid. Det var alltid mange tilreisande pilegrimar i Jerusalem i påsken, og romarane var redde for kva som kunne koma til å skje. Derfor var dei sterkt representerte i byen, både med den øvste leiinga si og med mange soldatar. Til vanleg var Pilatus busett i hovudstaden Caesarea, som låg ved kysten.

Dei romerske makthavarane hadde gjort det for vane å overta dei tidlegare herskarane sitt hovudkvarter. Slik hadde dei gjort overalt i Romarriket, og slik var det i Jerusalem òg. Me kan derfor rekna med at Jesus blei ført fram for Pilatus i ei borg eller eit palass som tidlegare hadde tilhøyrt kong Herodes. Men her har me eit problem: Me veit om tre ulike borgar og palass frå Herodes si tid. NT gir oss få haldepunkt når me vil finna fram til kor Pilatus var, bortset frå at det i den greske teksten skin gjennom at Jesus blei dømt på ein høgtliggjande stad i byen.

Dei tre aktuelle stadane er

  • Antoniaborga, like nord for Tempelplassen
  • Herodes sitt palass (også kalla Vestpalasset), der Citadellet står i dag
  • Det hasmoneiske kongepalasset, det gamle palasset der Herodes budde den første tida han var konge, før han fekk bygd Vestpalasset

Les resten av dette innlegget »


Påskenatt i Time kyrkje

21/03/2005

Natt til første påskedag har me ein spesiell tradisjon her i Time. Då har me påskenattgudsteneste og feirar at Jesus stod opp frå døden og lever i dag. Kvart år opplever me at Time kyrkje denne natta blir fyllt av unge og vaksne frå dei ulike menighetane i Time. I gudstenesta brukar me både gamal påskenatt-liturgi, dei mest kjente påskesalmane og nyare lovsong. Me tenner påskelys og feirar nattverd, og avslutter gudstenesta med å gå ut på kyrkjegarden og synga Deg være ære mens me står mellom gravene.

Gudstenesta begynner kl 23.00, og er ferdig ein gong ut på natta, i alle høve etter midnatt.

Eg syns det er ei fin oppleving å feira påske på denne måten, og gleder meg til laurdag!


I dag opnar Ingers utstilling

19/03/2005

Inger har arbeidd i fleire månadar fram mot dagen i dag. Velkomen til Fotland Mølle laurdag 19. mars kl 12.00. Då opnar utstillinga Gjennom mørke til lys. Påskeutstilling i tekst og tekstilar. Ho samarbeider med Heidi Strand Harboe om utstillinga. Utstillinga er open kl 12 – 17. Sjå meir detaljar i innlegget Påskeutstilling.

Stavanger Aftenblad har eit stort oppslag om utstillinga i dag.

Det er mange detaljar som har tatt tid den siste tida. Og så blei altså eg sjuk av influensa dei siste dagane! Nå er eg heldigvis på beina igjen i dag.

Oppsummering etter opningshelga:

Det har vore ei flott oppleving for Inger og Heidi, og for meg som har fulgt dei gjennom prosessen fram mot utstillinga. Det kom masse folk til opninga, og tilsaman laurdag og sundag har det vore 300 gjester på utstillinga! Samlingane dei har kl 16 der Heidi fortel og les eigne dikt, og der venner deltar med musikk, har også slått godt an. I det heile tatt har det vore svært vellukka.

Utstillinga er open vidare kl 12 – 17 i påsken (stengt langfredag og 1. påskedag) og i helga etter påske.


Tematur til Tyrkia

16/03/2005

Nå har brosjyren kome for ein tur eg lenge har planlagt til Tyrkia. Efes Dette blir ein tematur i regi av menighetane i Time prestegjeld, og me skal besøkja stadar som er interessante fordi dei har ein rolle i Bibelen og i kyrkjehistoria. Dessutan får me sjå mykje flott og spanande natur. Og som ein ekstra bonus: Det er jo fint å oppleva sol og varme ei veke når me har kome til oktober! Biletet er frå Efesos.

Turen skal gå i den veka skulane har haustferie, frå sundag 9. oktober til sundag 16. oktober. Turen blir arrangert av Fokus Reiser. Eg skal vera reiseleiar saman med Leiv Roald Thu.

Det ligg nå brosjyrar på Time kyrkjekontor og i Bryne kyrkje, Time kyrkje, Undheim kapell og Lye forsamlingshus.

Les resten av dette innlegget »


Kaifas’ hus

14/03/2005

Då Jesus blei arrestert i påsken, blei han ført til dei jødiske leiarane som var samla hos øvstepresten. I guidebøker blir denne staden omtalt som Kaifas’ hus. Bibeltekstane som omtaler staden, brukar eit ord som like gjerne kunne omsetjast med palass.

Nytestamentet gjev oss ikkje hjelp til å finna ut kvar i Jerusalem dette palasset låg, men historikaren Josefus fortel at øvstepresten budde i den bydelen som blei kalla Øvrebyen.

Agallicantu1s Der er det i dag to stadar som blir vist fram som den sannsynlege lokaliseringa av Kaifas’ hus: Ein armensk eigedom som ligg godt skjult bak høge murar på toppen av Sionshøgda og den katolske Hanegalskyrkja (biletet) som ligg i skråninga aust for Sionshøgda.

Det er interessant å besøkja begge desse stadane. Det vil seia: Det er absolutt mest å sjå og oppleva i Hanegalskyrkja. Eigedomen bak dei høge murane, det armenske Convent of St. Saviour, verkar ved første augekast ganske utilgjengeleg. Dei fleste historikarane argumenterer for at det er dette som er staden for øvstepresten sitt palass. Det er likevel nokre som på grunn av arkeologiske funn og tradisjonshistoria til dei to stadane, tenkjer annleis.

Les resten av dette innlegget »


Stopp menneskehandel

10/03/2005

Menneskehandel er den tredje største illegale handel i verda etter våpen og narkotika. Dette er den moderne form for slaveri. Kirkens Nødhjelps aksjon nå i fastetida i år setter derfor fokus på menneskehandel. Tysdag 15. mars vil mange gå rundt frå dør til dør og samla inn pengar til denne aksjonen. I svært mange kyrkjer er deltaking i denne aksjonen lagt inn i konfirmantarbeidet, slik at alle konfirmantane er med og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Her i Time er konfirmantane med på denne aksjonen, og me håper å nå ut til alle husstandar i kommunen i løpet av den ettermiddagen og kvelden. I fjor samla me inn kr 113.000 til Kirkens Nødhjelp, og me satsar på å få inn meir i år!

Ein definisjon på menneskehandel:

"Det er menneskehandel når en person enten ved hjelp av vold, trusler, misbruk av sårbar situasjon eller annen utilbørlig adferd utnytter noen til prostitusjon (eller andre seksuelle formål), tvangsarbeid, krigstjeneste i fremmede land, eller fjerning av vedkommendes organer."

Stavanger Aftenblad har i dag, 10. mars, ein artikkel om to konfirmantar frå Hinna som fekk vera med på ein tur til Laos og møta ungdomar som hadde vore utsett for menneskehandel. Du kan lesa artikkelen her.

Kirkens Nødhjelp har nettsider med mykje innhald. Dei har ein biletserie om menneskehandel som du kan sjå her.

Førstkomande laurdag er Baen frå Laos, ei av dei som blir intervjua i Kirkens Nødhjelps video om menneskehandel (som konfirmantane har sett som ein del av førebuinga til aksjonen), gjest i laurdagsrevyen i NRK1. Baen er ei av dei som har opplevd å vera slave. Ho er nå gjest i Norge hos Kirkens Nødhjelp og er denne veka gjest i ulike menigheter i Stavanger bispedøme.

Og så det viktigaste: Støtt Kirkens Nødhjelp i kampen mot menneskehandel!


Påskeutstilling

07/03/2005

Inger_og_heidi_pske_2005_002_redigert Her heime er huset prega av at Inger, som er tekstilkunstnar, skal ha utstilling i påsken. Ho skal ha utstilling saman med Heidi Strand Harboe, ei god venninne som skriv dikt. Dei planlegg nå utstillinga Gjennom mørke til lys. Påskeutstilling i tekst og tekstil.

Det er kjekt å sjå produkta i løpet av prosessen, og ikkje minst når dei etter kvart blir ferdige. Det blir ei salgsutstilling. I tillegg til sjølve tekstilane og dikta, kjem dei til å selja kort, plakatar og eit hefte med dikt og bilete.

Eg gleder meg til påsken. Eg syns alltid det er fint å feira påske som ei kristen høgtid, med vekslinga mellom dei ulike dagane som er så forskjellige i innhald. Men i år blir altså påsken spesiell for oss sidan me òg vil vera mykje opptatt med det som skjer på Fotland Mølle. Inger kjem nok til å vera der det meste av opningstidene, og eg ser ikkje bort frå at eg vil koma innom ein del gonger, eg og!

Eg håper mange har høve til å koma og sjå utstillinga, anten i løpet av påsken eller i helga etterpå!

Her er dei viktigaste fakta om utstillinga:

Gjennom mørke til lys

Påskeutstilling i tekst og tekstil ved Heidi Strand Harboe og Inger Bakke Berge.

Utstillinga er på Fotland Mølle i Time, ca 5 km frå Bryne.

Ope 19. – 28. mars og 2. – 3. april kl 12-17. Opning laurdag 19. mars kl 12.

Det blir ei samling med ord og tonar kvar dag kl 16.

Inger_og_heidi_pske_2005_001_b

Utstillinga er stengt langfredag og første påskedag.

Velkomen til utstillinga!


Peters fall

04/03/2005

Den natta Jesus blei ført til Kaifas’ hus, fulgte Peter etter. Han ville få med seg kva som skjedde. Han kom så langt som inn i gardsrommet til øvstepresten. Der var det eit bål, og mange folk samla seg rundt bålet for å halda varmen.

Der ved bålet var det Peter svikta Jesus så grovt! Han nekta på at han kjente Jesus! Då han for tredje gong blei konfrontert med at han måtte vera ein av Jesu vener, gjekk det heilt galt for han:

Då sette han i og banna og svor: “Eg kjenner ikkje den mannen.” Straks gol hanen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: “Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.” Og han gjekk ut og gret sårt. (Matt 26,74-75)

Det er natt nå når eg sit og tenkjer på denne historia. Eg har funne fram ei bok med “pasjonsbetraktninger”, det vil seia små andaktar med utgangspunkt i Jesu lidingshistorie. Boka heiter Visere enn menneskene, og er skriven av den danske biskopen Georg S. Geil. Han skriv:

“Simon Peter! La dem som har råd til det, se nedlatende på deg. Jeg takker min Herre for at det ble plass til deg i evangeliets beretninger. Som få andre minner du meg om at det er forskjell på fall og frafall, – at ikke engang det forferdeligste fall i seg selv betyr frafall.”

Det nye testamentet fortel at Peter var rask til å ta ordet, og han uttalte seg gjerne på vegne av dei andre disiplane. Han var der det skjedde. Han ville gå på vatnet då dei andre sat i båten. Og altså: Han var den som fulgte etter den arresterte Jesus, men som nekta for at han kjente han. Likevel satsa Jesus på han og gav han store og viktige oppgåver i livet.

Kanskje nettopp det at han etter å ha falle så djupt, blei møtt med nåde og nye utfordringar etter Jesu oppstode, var med på å styrka Peter si tru?

Det er nok fleire enn den danske biskopen som kjenner seg igjen i Peter og som er glade for at Jesus ikkje gav opp å ha han som disippel!


Jesus i møte med dei jødiske leiarane

03/03/2005

Jesus blei arrestert i Getsemane og etterpå blei han ført til dei jødiske leiarane som var samla hos øvstepresten Kaifas. Der blei det den natta i all hast arrangert ei rettssak mot Jesus.

Eg vil her fortelja om denne rettssaka som ein del av Jesu lidingshistorie, hans veg mot korset. Den vegen som òg har fått namnet Via Dolorosa. Eg vil i eit seinare innlegg skriva om lokaliseringa av denne hendinga. Går det eigentleg an å seia noko om kor Kaifas’ hus låg?

I rettssaka blei det sett fram mange falske vitnemål. Til slutt spurte øvstepresten Jesus om han var Messias, Guds Son. Dette bekrefta Jesus at han var. Etter dette, som blei sett på som den verste spott mot Gud, dømte dei han til døden.

Les resten av dette innlegget »


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 205 other followers